Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«— Du er ... god med meg ... Aah.»
«Endaa meir god med deg vil Jesus vera, naar du
kjem til honom.»
«Ja — aah.»
«Eg tykkjer det maa vera so godt og lett for deg aa
skiljast herifraa, Guri. Det er visst ikkje mykje som
held deg til Verdi no.»
«Nei. — Sidan den siste døydde... aah. — Daa
skildest eg ... med alt. Aah ... Aa ja; kom ... Herre
Jesus.»
«Amen. — Og so maa du prøva aa venda a 11 din
Tanke til Frelsaren. Og agta deg, at det ikkje blandar
seg noko jordiskt inn i Lengten din etter aa koma
herifraa. So at det ikkje er Baani dine du lengtar etter,
meiner eg... meir enn Brudgommen. Aa, me kann
aldri vera vakande nok! Djevelen er so sli etter oss,
Guri...»
«Aa ja, ja; aah ...»
«Du maa prøva, Guri, um du kann bøygja deg heilt
under Guds veldige Hand. Endaa um du ikkje skulde
finna Baani dine i Himilen... maa du endaa ha den
same brennande Lengten; ja prisa Gud for alt. Kann
du det, so veit du at du er prydd og budd til aa gange
Brudgomen i Møte.»
«Aah — aa.»
«— Fær du ha det so, tykkjer du?»
«Ja. — Men eg veit eg finn... han Kristian.»
«Det vonar eg au. Men um du ikkje skulde finna
han, — berre du veit med deg sjølv, at du kunde vera
fornøgd daa au. — Eg hev prøvt so mykje av slikt, Guri;
eg veit kor faarlegt det er... og kor snart me kann
daara oss sjølve.»
«Aa ja, ja. — Aah. — Men Gud hev frelst... han
Kristian.»
172
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>