Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Gud frelse oss alle i sin Naade Amen — for Jesu
Kristi Døds og Blods Skuld! — Amen!»
«Aah ... aah ... aah» ...
Ho Guri vart so uroleg; laag og stræva og kava; vilde
visst segja noko; det rykte i henne all Stad; rædd og
bleik bøygde han seg ned aat henne ...
«–Trur du ... eg vert fordømd ... um eg tenkjer
paa ... Baani mine ?»
«— — Naar du gjer ditt beste, Guri, til aa halda ditt
Hjarta reint... og so hellest set all di Lit til Jesu Saar
... so veit du, at Gud forlæt deg alle dine Syndir. ’Om
dine Synder vare som Blod, ja røde som Purpur, saa
skulle de blive hvide som den kvide —» han braastana.
Ho vart so umskift... kava og kava som ho vilde
upp; ei djup myrk Blaaning drog seg yvi Andlite
hennar ; so lyfte Hovude seg med ein stiv Rykk; og ho saag
paa han ... stirde ...
Stort og villt steig Auga fram mot han i ei Rædsle
so han vart stiv. Haare reiste seg paa Hovude hans,
Hendane tok til aa riste; kva saag ho ? kva saag ho ? —
Daa drogst Hovude attyvi; den tannlause Munnen gapte
geispande upp... Han hadde reist seg og visste det
ikkje; Knéi skalv under han; han kava seg ut, sjakande,
halvt dettande.
Kona hans Jonas Uppstad kvakk, daa ho raaka han
Enok utanfor Døri. Han var grøn i Andlite. —
— Kva hadde ho set? — Han fælte so paa
Heimvegen, at det var ei Trøyst for han aa raaka sjølve
Fante-Tomas. Denne forklaara for han sin djupaste
Anskuelse, at Syndi mot den heilage Ande var det same
som Syndi mot Naturen, Iste Mosebok 38te Kapitel fraa
det 8de til det 10de ... Men det store brestande Auga
pinte Enok, so han kunde kje fylgje med.
173
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>