- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
174

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

XXIV.

Gunnar var framslöppin.

Og no skulde Dægeren taka baade Forklaaring og
alt-ihop — han var vaksen Kar no og vilde lære seg til aa
banne —; for jagu var han so leid av all denne
Gude-legheiti og alle desse Bøkane, at det var reint so det
lukta for han. (Naar han vart gamall, kunde han tenkje
paa dei Ting.)

No kom det snart Brev fraa han Carolus. Og naar
Breve kom, so var det berre aa lure seg av ein Kveld
naar dei sov; og so til Byn; og umbord med ein Gong;
so kunde dei taka ’n! — Og so ut paa det frie, vide
Have, kannhende alt til Arabia ...

— Men Gunnar laut vente lengi paa Brev. Ved
Marknads Tidir spurdest det, at Carolus var heimkomin.
Gunnar gjekk i aatte Dagar og lengta; kom han kje
snart? Var det kje han, som kom ned i Vegen?

Ein Dag Far hans var av i Likningskommissjonen,
lurde Gunnar seg avstad sør-yvi Heil til Fantehytta.

Raude og forøvne raakast Gutane att. Det var so vidt
Gunnar kunde kjenne att han Carolus.

Han hadde vorti so vaksin. Gild var han au i
Sjø-mannsbunaden sin, endaa Dyffelspjekkerten var heller
slitin og Seglduksbroki ikkje so lite bøtt; og det var
komi noko framandt og liksom utanlandskt yvi han. Og
slik ein Sving han hadde fengi paa Maale sitt! Han
sagde baade «har» og «jog»; og «mangen» for mange
og «bangen» for rædd og mykje anna fint; Gunnar vart
reint bljug av det stakkars simple Bygdemaale sitt.

Ringar hadde han i Øyro paa Sjømanns Vis, og paa
Handi ovanum Tümen var eit Anker og eit Hjarta
inn-prikka med blaatt; under stod Bokstavane C. M. T.; det

framslöppin: konfirmera.

174

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0176.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free