- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
175

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

var for at han skulde bli attkjend um han kom burt paa
Sjøen, sagde han. Men paa Bryste hans var det
inn-prikka eit heilt Skip, som Gunnar fekk sjaa, og paa
Armen ei Gjente. Um det ikkje hadde vori vondt aa
faa alt det innprikka i Skinne? — Ikkje noko vidare.

Det gjekk smaatt med Samrøda. Gunnar torde kje
koma for braadt innpaa Maalemne sitt, og Carolus vreid
seg for aa segja Sanningi. Ufysi var der i Fantestogo
au, svart og stygt og fullt av Bos og Rusk; ungane var
nærsøkne og utukta, og ho Gunhild, Möri, gjekk og vabba
og vavra og var full; Gunnar fekk Carolus med seg ut;
og dei fylgdest uppetter Marki eit Stykkje.

Daa tok Carolus til aa fortelja um, kor fælt det var aa
vera til Sjøs. Dei hadde drøymt um det «frie Hav», dei;
men der var mykje meir Tvang paa Sjøen enn nokon
Stad paa Land; ja verre enn paa sjølve Hove. Paa store
Skutur var det endaa verre enn det hadde vori der han
var; han hadde tala med mange um det. Og no var han
komin heim for godt; vilde begjeva Sjøen. I Byn skulde
han faa Arbeid paa ei Sjøbu; det var mykje likare. Av all
Magt vilde han raade Gunnar ög til aa gjeva Sjøen upp;
nokon Plass hadde han kje kunna finne aat han heller.
Gunnar vart kald og flat. So lengi som han hadde

tenkt paa dette, og gledt seg til det–. Kva skulde

han no finne paa?

«Var eg som du, Gunnar,» sagde Carolus, «so vilde
eg til Byn og gje meg i Snikkarlære. Eller staa paa
Krambu, um du likar betre det. Daa fær du baade
Fridom og gode Dagar; og um nokre Aar kann du tena so
mykje Pengar, at ein tenar kje so mykje til Sjøs i all si
Tid. Naar ein ikkje vert Kaftein, daa; men det vert
Landsfolk aldri.» —
— Det maatte Gunnar gange med. Til Avskil fekk
f o r ø v i n: «forlegen». — Jog: jau.

175

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0177.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free