- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
176

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han ein Fallekniv av Carolus, ein med Massingskaft og
Korkdragar og tri Blad; det trøysta han noko.

Og han tok til aa tenkje paa Krambui. Det skulde
nok vera gildt aa staa der; og so kunde han koma til
Sjøs sidan, kannhende. Men so var det han Far. Aa
faa Lov av honom, naar det var noko ein vilde — uff.
Den som var fullvaksin.

Meir enn vanleg stur gjekk Gunnar no ei Tid; det var
som alt stengdest for han.

«Er det noko som er deg imot, Gunnarmann ?» spurde
Far hans — uff! denne ufysne Blidlaaten, han tok til
med i seinare Tid; mykje heller vilde Gunnar han skulde
skjelle. «Nei,» svara han stutt. Far hans sukka. «Eg
tykkjer det er so vondt at du aldri kann segja meg
noko, Gunnar. Du kunde daa gjerne snakka med meg.»
Gunnar murtagde. Kva skulde eg snakke med deg um,
tenkte han. «Er du vond paa meg, Gunnar?» Gunnar
vreid seg. Kva skulde no det vera for Snakk ? Far hans
sukka, langt og tungt; so gjekk han.

Men Gunnar rømde for Far sin meir og meir. Han var
so serskilt rar stundom, han Far no; får aat med Faktir
og Aatferdir mest som han var halvgalin; kva det skulde
svara fyri kunde kje Gunnar forstaa; han vart baade
rædd og sinna av det.

Det hjelpte noko at Far hans var meir burte no enn
fyrr; og so var han Torkjell Tualand her mykje no;
han var Dreng haalvestundo. Ei Hjelp var det au, at
han var kje so streng um Sundagane reiler som fyrr,
han Far; Gunnar fekk mest raade seg sjølv i
Kveld-yktine.

Daa lurde han seg gjerne ut. Vaaga seg stundom paa
Garden millom hin Ungdomen; vilde kje gange her som

Haalvestundo: halve Tidi (skiftevis; t. D. ei Viku
um Gongen).

176

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0178.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free