Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Heimføding lenger. Men det var kje so morosamt paa
Garden som han hadde tenkt. Han kunde ikkje koma
noko inn med desse andre; dei hadde ein annan Maate
i alt, og mest som eit anna Maal; dei lo kvar Stundi, og
han visste kje rett kva dei lo aat. Stundom var det som
dei gjorde Narr av han; — «aa jau, han vil nok vera
med han Gunnar au; det hjelper nok ikkje Bibelspraak
mot —»; jøss, for Ord dei kunde bruka. Det han sjølv
fann paa vilde kje falle seg her. Gjenta hans Helge, ei
fraa Sørbygdi som nyleg var hitflutt, sagde endaa ein
Gong: «eg kann skjoia at det er du som er uppvaksin
med Fantane.» Daa lo dei andre so han vart reint bljug.
Og som dei stundom skjemta med Kvinnfolki baade i
Aatferd og Ord, det var so han visste kje kor han skulde
gjera av seg. Skulde slikt au vera Folkeskikk?
Ein Sundag vaaga han seg ned til Heialand paa
Dansemoro. Men han kunde kje danse og vart gangande der
for seg sjølv. Ingin brydde seg um han, og ingin kom
han i Drøs med; han kjende seg som eit Utskot eller
ein Utbygding. I ei Kvilestund millom Dansane vart han
reint ille ute. Det var ho Olina hans Per — som og
var framslöppi i Haust —; ho sette seg til aa gjera Narr
av han. Hermde etter «hjaa han Enok», naar dei heldt
Bøn; «alltid naar ein gjeng framum Vindaugo hans
Enok, so er der ei Remjing som i eit Fjos naar Kyrne
vil ha Mat: æ—, æ—, æ—, remjar dei; og e—, e—, e—,
piptar han Gunnar, ha-ha; og so ligg dei paa Kne! —
difor maa dei gaa med Skinnbukser, so dei ikkje skal
slita for snart Hol paa Knéi; hi-hi-hi!» — Gunnar stiltra
seg ut; gjekk heim i fullt Sinne. Aldri skulde han tenkje
paa henne Olina meir! Han vilde mykje heller ha henne
Justina Haaland, um det ei skulde vera. Aa nei; ikkje
henne heller. Ho hadde vori so kaut daa dei var hjaa
Presten sist, ho; gjorde seg so til for Son hans Napolon
12 — Garborg IV.
177
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>