Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kunde ha sett seg i Hovude aa bli Kone paa Hove ein
Gong–
Enok tagna. Hugsa sin eigin Ungdom; inginting aa
lite paa. Best aa faa Guten av Garde.
Men daa Gunnar vel var burte, fekk Enok ei vond
Rid. No hadde han endaa ein Gong synda med Vilje.
Gunnar hadde vorti Avguden hans paa nytt.
Og i Guds Ord stod det tydeleg: «Thi synde vi med
Vilje efter at have annammet Sandhedens Erkjendelse,
da er der ikke Offer mere tilbage for Synden» ...
Lars Nordbraut maatte briika all si Magt for aa faa
han i Logn att. Men rett som det var gjekk han og
sturde og stirde att, og det var like ille. —
— Det sette kom; det var Gjente, og Enok saag eit
vondt Teikn i det au. «Og so vert me so mange; kor
skal der koma Mat ifraa til so mange Munnar?» klynka
han. Anna var sjukleg og veik; Slit for Bringa og vondt
i Hovude; rett som det var maatte ho faa Fante-Gunhild
hit til aa koppe seg; det au tok Enok tungsamt. «Det
er eg, som hev øydelagt deg,» sagde han. «Kona mi
hev eg drepi; Son min hev og sendt den Vonde i Vald;
so kann me kje undrast paa, at Gud snur meg Ryggen!»
Jensens Lesebok vart innførd, endaa han røysta imot;
der og hadde Gud vanda hans Arbeid. Sjeldnare og
sjeldnare vart det hans Meiningar som gjekk igjenom i
Heradstyre, totte han. Og det store Verke han hadde
drøymt um, dette med Fantane, vende seg meir og meir
til Spott og Skam. Tomas bruka Huse sitt berre til
Vinterhie; um Sumaren flakka dei mest som fyrr; men
naar dei var heime, var det ein Ulivnad hjaa deim med
Drykk og Slaasting og Uliklegdom, so det var fælt aa
tenkje paa at ein hadde vori med aa draga denne
Styggedomen innyvi Bygdi. Det var som det laag Vaabøn yvi
alt han tok seg fyri.
183
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>