Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Med Garden gjekk det til atters Aar for Aar. Ikkje
agta han alt som han skulde lenger, og ikkje var Gud
med. Og Anna var sjukleg, so ho kunde kje heller sjaa
etter som fyrr. Guds Straff, Guds Straff; det bar paa
Kassa med deim; um nokre Aar var dei paa Bygdi...
Han kunde røde slik stundom, at ho Anna beintfram
maatte skjelle paa han. Og stundom var det som dette
hjelpte.
— Det gjekk eit Par Aar paa denne Maaten, upp og
ned, upp og ned. I lange tunge Bylgjedrag som Have
der ute.
Naar Enok hadde sine gode Tidir, var han modig;
han braut upp Jord; bygde nytt Fjos; kaupte Garden
hans Rasmiss Skare til Sumarstøl; fann paa alt og var
med paa alt; «yrkjesame og iduge Born vilde Gud hava»;
«med Verksemd skulde me døyva Djevelen.» Han hadde
Ridir daa han kaupte mest alt han saag. I Staden for
Kola skulde dei no hava Parafinlampe; ein ny Omn kom
han heim med ifraa Byn, ein med tri Høgdir og Dør,
og med Ilegge inne; ja han kaupte seg Karjol, og gav
seg til aa byte Øykir og Kyr; det var som han ikkje
hadde Fred; noko maatte han staake med allstødt.
Det var mange Auksjonar no utetter; Banken kom og
tok Gardane fraa Folk; Lensmannen panta og selde for
Skatten; süme gjorde Auksjon sjølve og reiste til
Amerika; — Enok var med allstad. Og kom heim att
med alskyns Rap og Skrap, ofte den reine Hendesløysa;
«hadde fengi det so billegt». Verst var det den Vaaren
daa Møller paa Myre rauk. Daa gjekk Enok paa
Auksjonen i tvo Dagar; kom so heimatt med ei heil
Lang-kjerre full av Skrap: Kinnemaskin, Saamaskin,
Hakk-maskin, alle Slag rare Greidur til eit «rasjonelt
Hagebruk» ... Ho Anna gløymde seg og spurde: «nei men
kva vil du no med alt dette, Enok?» Han stod eit Bil
184
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>