Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og stirde paa det; so skjekkte han med Munnen og
smikka med Fingrane. «Det er Tull alt ihop. alt ihop,
alt ihop!» — Ho laut trøyste han det beste ho kunde.
Men naar dei vonde Tidine kom, gav han reint upp.
Han var fordømd og fortapt og vasa um Helvite og um
Fatigkassa. Alle underlege Ting fann han paa, og gali
vart alt; den eine Dagen hadde han «kasta Gunnar ut
paa Verdsens Hav til ei Aate for Hinmannen»; den andre
Dagen var det Gud som vilde «frelse Gunnar fraa Far
hans»; «han saag, at eg øydelagde han, baade til Likam
og Sjæl; og so maatte han ta han ifraa meg.» Stundom
var det Gunnar, som hadde vori so vitug; «vitug Kar!
han saag det gjekk gali med meg, og at Gud hadde
forbanna meg; best aa halda seg burte, so kom daa kje
han paa Bygdi!»
Eit Folkesnakk som ho Fante-Gunhild kom med ein
Gong: at han Gunnar skulde vera komin uppi det med
eit Kvinnfolk, gjorde Enok hovdalaus for ei lang Stund.
«Vaabøni ligg yvi heile mitt Hus; Gud vil forderva og
forkasta heile Ætti... straffa mine Misgjerningar paa
Borni i tusund Led»; ofte laut ho Anna berre gjeva
seg yvi og tegja.
Alt tok han seg Sutir av, Ho Serina var framslöppi
og vaks upp til ei ven Gjente, rak og lett og faktegreid;
daa Enok lagde Merke til dette, tok han den Tanken at
det maatte gange gali med Serina. Sidan fekk ho mest
ikkje koma ut. Han lika kje ein Gong at ho gjekk til
Kyrkja.
Tønes Tualand, Skulemeistaren, hadde teki til aa
vanka i Huse i seinare Tid; tilslutt fekk Enok Mistanke
um at det var henne Serina, han gjekk etter. Ein kveld
kom han yvi deim attanum Løo, dei stod i slikt eit
still-vori Drøs; daa Enok kom, vart dei so raude og rare;
og strakst etter sagde Tønes Godnatt og gjekk. Under-
185
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>