- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
191

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hadde han ikkje kunna bruka. Han livde paa Fatighjelp
med Tigging innimillom og vart meir og meir låt. Stogo
hans hadde vorti eit fast Fantebøle. Alle gamle
Kjenningar tok inn der; og med deim fylgde Brennevin og
Kort, so han Tomas hadde gløymt all Folkeskikk. Og
Kjeringi, som vart sjuk og forvend av aa liggje so
jamt roleg, hadde slegi seg paa Flaska reint; sistpaa
laut ho hava Brennevin kvar Dag, skulde ho vera
styrande.

Med Borni gjekk det like eins ymist. Den eldste
Gjenta tenkte berre paa aa sleppe fram; so «vilde ho
faa seg ein Unge i Tarmen» og gjeva seg paa Utferd.
Det gjorde ho daa au, so snart ho kunde sleppe til. Slo
Lag med Olaves Didriksen og gav seg paa Vidvanken.

Dei tvo yngste, ho Else og han Fredrik, gjekk heime
og lærde alt som gali var. Stal Brennevin og drakk;
laag i Bakken utanfor Huse og leika Dragsmaal og
Kjærleik og alt som til var. So at Tomas stundom flaug
ut i sitt faderlege Sinne og slo Ungane mest ihel. Men
so kom Mori etter i Fullskap og Vilske og skamslo han
Tomas att.

Tilslutt rann den syrgjefulle Dagen, daa Fante-Tomas
misste Kjeringi si. Etter Guds djupe Raadslagningar
døydde ho fraa han i Dilla ein Dag; og alt um dette i
visse Maatar kunde vera godt, so skyna Tomas snart,
at utan Kjering var han skorsett.

Og paa Resten saag han seg drivin av den harde
Skjæbnens Nødvendegheit og Inngrimheit til aa taka
Else og Fredrik med seg og forlata Hytta si, som no
stod der tom og kald og full av sorgsame Minne. Slo
so Fylgje med Carolus, som rimelegt var. «Ja Verden
er innful,» sa han Fante-Tomas.

Det gjekk elles godt, so lengi ho Finne-Barbro livde.

skorsett: raadlaus.

191

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0193.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free