- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
192

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ho kunde i mange Maatar vera som ei Kone for Tomas,
ho. Og so hadde ho slikt eit flytendes Talent, at ho
kunde føde heile Flokken. Iser forstod ho seg paa
Summing. Naar dei var paa avbakslege Stadir inn-i
Fjordane eller tilf jells, kunde ho stundom tene baade Mat og
Skjelingar med aa lesa yvi eit Barn eller gjera aat for
ei Ku; mang ein god Kjøtknok og mangt eit godt gamalt
Plagg fekk ho au for aa spaa i Kort, eller naar ho viste
giftegalne Gjentur dei Mennane dei skulde faa, og kva
ho elles dreiv for Smaakunstir. Men so vilde Gud i sin
uransakelege Visdom, at ho au skulde døy; og etter
den Dagen vart det svært ubeint. Ein kunde ikkje koma
fram utan Kjering paa Fantestigen heller.

Ho var glup ho Katrine au, Kona hans Carolus. Ho
kunde süme Kunstir etter Mor si; og dei brüka ho naar
Høve kunde vera; det var i det heile ei bra Kjering, so
lengi ho ikkje var full. Men Flokken var for stor, og
Tidine var tronge.

Mannfolki dugde til inginting. Han Tomas var for
langt uti Aari; Fingrane var kje so mjuke lenger, og
Augo ikkje so gløgge; til Finarbeid var han inkje tess,
og det andre gav so lite av seg. Og Carolus hadde lært
reint for lite av Fantekunstir. Han gjorde Ferdir til
einslege Bygdir stundom og heldt Uppbyggelsar; daa
kunde han tene litegrand. Men ein vart so snart kjend.

Fante-Tomas laut selja Plagg etter Plagg baade for
seg og Borni, so han kunde faa til Kaffi og Töbakk;
det meste av Arbeidsvelden hans for same Vegen. Snart
gjekk han rundt i Bygdine og «saag verre ut enn ein
Svenske». Og tente dei noko ein Gong, so bar det til
næraste Byen med deim; og daa livde dei godt med
Mat og Brennevin, til dess dei ikkje hadde att anna enn
det dei gjekk og stod i.

Summing: Trolling.

192

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0194.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free