- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
193

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Dei heldt seg mest nedetter Strilelande og paa
Stavangerkanten; lenger aust nytta det mindre med baade
Uppbyggelsar og Summing. Og allstad minka det med
den gamle Trui paa at Fantane kunde trolle; Folk
lærde so mykje no. Daa dei vanka so jamt paa dei
same Stadine, vart Folk leide av deim au; og der vart
stødt mindre aa faa med Tigging. Svært ofte laut dei
hggje med Natti i Løur og Uthus; men i kalde Tidir
var det ufysi nok aa leggje seg med halvvaate Klæde i
Høy eller Halm, og fælt vondt aa rise uppatt, naar der
ikkje var so mykje som ein Kaffiskvett aa faa. For dei
torde aldri gjera Varme upp i Løom. Og Flaska var
tom, berre dei var komne ei Dags-Gonge fraa Byen.

— Det vart ein sur Vinter med Snøslaps og vondt
Føre og isande kald Vind.

Dei drog seg seint og smaatt nedetter Strilelande med
den gamle Baaten sin og laag ofte vérfaste. Langt um
lengi naadde dei Stavanger, og ho Katrine fekk selt
noko Spøt. Daa hadde dei lidi vondt so lengi at dei totte
dei laut hava seg ei skikkeleg Uppkveikjing. Dei sumla
og drakk med gamle Kjenningar, til dei ikkje aatte ein
heil Klut paa Kroppen meir.

So drog dei seg utyvi Nese i den isande Vinden og
fraus mest ihel. Og so fæle saag dei ut, at Folk var
helst rædde deim. Den eine Filla svimeslo den andre;
nakne Kroppen kikka ut baade her og der; Haartufsane
dingla um Hovudi paa deim og fram-yvi dei blaafrosne,
svartgaarutte Andliti; Lusi var nok og leid med deim,
kunde ein skyna. Katrine traakla paa seg alle dei
Fil-lune ho kunde faa fat i, men kunde endaa knapt løyne
alt som løynast skulde; Litle-Else tulla dei inn i ei
gamall Mannfolkkufte med eit Tog ikring Live. Med
Tomas var det verst. Han gjekk og skugra i ei sundflengd
Nattrøye som mest ikkje hekk paa ’n lenger; og Broki,
13 — Garborg IV.

193

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0195.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free