- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
194

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

som lite anna var enn Bot i Bot og Hol i Hol, hekk
etter ein Hyssing yvi den eine Aksli. Det einaste paa hans
Kropp som var noko-so-nær heilt var den Sydvesten han
hadde paa Hovude; den hadde han funni paa ei
Fugle-skræme i ein Aaker ovanum Haugesund.

Unge Thomassen var den som heldt mest paa
Vyrdnaden sin; han hadde Hatt, og um Halsen eit
raud-rosutt Lümmaplagg av Bomull. Rar var han aa sjaa
paa no. Eit Hovud høgare enn Far sin, lang og smal
og slengin og mjuk; gjekk med Nevane i Broki og hivde
og duva som ei Baatmast i Sidesjø; øvst uppe paa ein
lang brun Hals eit ørlite Hovud som ein Knapp. Andlite
var rundt og flatt som ei Klokkeskive, smaafregnutt,
vérbarka, med ei Hud som Pergament; paa Kjakane og
ovanum Munnen sprikte eit raudt, stridt Busteskjegg;
Augo var smaae, myrke, snare, og Skallen litin og
rund-kvelvd mest som paa eit Barn; fraa Far sin hadde han
dei lause, listige Drag og den braaskiftande Svipen fraa
villt Løgje til heilagt, audmjukt Skalke-Aalvor; paa det
eine Kinne var eit stort Er.

Han gjekk i ei blaa Kufte av laust, grovt Vadmaal.
Kufta var heil so nær som paa Olbogane; og so var det
denne Flengja ho hadde fengi inni Byn no, tvers yvi
Magen; det ver Olaves Didriksen han hadde vori i Kast
med. Og det var just Lage hans Olaves det: flengje
med Kniven tvers yvi Magen, og det so nett, at det
berre var so vidt Odden rispa Skinne. Katrine hadde
traakla Flengja ihop so godt ho kunde med noko brun
Ulltraad; men endaa hekk Kuftesnippane og dingla som
dei vilde dette av. Mest skralt var det med Broki; den
var bøtt baade i Kross og i Krok, og svært upptrafsa
nedmed Føtane.

Dei var i Ulag paa alle Maatar. Ungane gjekk og
hosta som Sauir; Gamle-Tomas hadde Rygmatisma;

194

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0196.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free