- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
195

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Katrine og Carolus var «forkjølte»; Borni skreik for
Naglabit og Svolt; og han Litle-Tomas, som Katrine
gjekk med i Ryggbande sitt, vilde stundom mest blaane
burt for deim; dei laut ender og daa leggje seg ned med
Ungen imillom seg og tine han upp med sin eigin Varme.
Det saag raadlaust ut aa klara Vinteren; og ho Katrine
tok til aa undrast paa, kva Beng’en ein skulde hava tvo
lange Morsar gangande her etter, naar dei ikkje kunde
finne paa Raad! Ho Else, som med sine tolv Aar var
nokso rask paa Munnen alt, gnaala med paa sin Maate.
Dei tvo Morsane skyna godt kva Kvinnfolka meinte, og
dei glytte til kvarandre fraa Sida med utrygge,
granskande Augnekast.

Noko med det verste var, at det var Slutt med
To-bakkje.

Dei hadde kaupt seg ein Rull i Stavanger; men den
maatte Olaves Didriksen ha stoli. Han Gamle-Tomas
gjekk alt og togg paa Fore i Töbakks-Lümma si og
banna og sturde og var reint utav Lag; hadde gløymt
baade Anskuelsar og Aspektir. Carolus hadde sét seg
Kans med aa naske til seg ein Töbaksstubb einstad der
dei var inne; men den gøymde han for Far sin; det var
kje noko aa skifte paa, totte han.

Ein Morgon var det reint ille med Gamle-Tomas. Dei
hadde legi um Natti i ei Husmannsstogu; Mannen var
kje heime, og der fanst i heile Huse ikkje Namne til
Tobakk. Lümme-Fore var upp-eti, og Tomas gjekk og
verkte og grein og var so töbakkgalen, at han lite sansa
seg. Gnaala paa Son sin: «du maa vel ha noko du?
Du hev vel aldri-so-lite Lummerusk, um ikkje anna?»
Men Carolus laag der paa Halmdotten sin og vreid seg
og fraus: «neigu um eg hev! no banna eg!» Den gamle
gjekk og svinsa og snusa og leitte rundt Stogo baade

Beng: Djevel. — Mors: Mannfolk.

195

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0197.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free