- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
201

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Carolus var som galin heile Tidi. Slengde paa Skjemt
Far sin i Marki; lo, hoppa, bar seg; spela Lensmannen,
som kom og vilde setja deim; tok so denne uppdikta
Lensmannen og skamslo han:

«Ja dero skal le Isingar gule og blaa,
naar Tjuroen og Tjaknia byrjar aa gaa» ...

Gamlen banna og gav vondt, men maatte til Slutt
berre gjeva seg i Vegen. Det bar uppetter.

Snart var dei ved Brekkestampa. Her kunde ein gange
«inn og kjøpa Ty til nye Klæde!» «Er ein fyrst ute, so
skal ein ta for seg!» Carolus tok ut Glase og smaug
inn, ledug som ein Orm. «Ha, ha! Moskroen søv, og
Buroen søv, og Hundane søv; Romanisælen er Herre paa
Tufti.» Han rette ut gjenom Vindaugsgluggen Vev
etter Vev; daa han kom med den fjorde, meinte Tomas det
kunde vera nok; dei vann kje meir, sagde han. Men
Carolus dreiv paa. Han lo som ein Fossekall der inne i
det myrke Stampehuse: «er ein fyrst ute, so skal ein ta
for seg!» — Endeleg kom han ut. «Du er pinende
galin, Gut; kva skal me med meir enn me kann bera?» —
«Aat Aai med det!» lo Carolus. Og ut hivde han Vev
etter Vev; «Hurra for Buroen! Hurra for Moskroen!»
«Ja galin er du, og paa Tukthuse kjem du,» jamra
Faren. Tok sine Vevir og rusla arg og harm.

Det bar burtyvi ei Klopp, som var lagd yvi den Renna
der Stemmevatne gjekk; Carolus etter. Han var so
underleg i Lag i Kveld, so fordansande kaat: skuva Far
sin ned av Kloppi og ut i Bekken med Vevir og alt;
«haa, haa, haa, haa!» Gamlen pusta og fræste, sputta

dero: du. — le: faa. — Ising: eig. Klædning. —
Tjur o: Kniv. — Tjakni: Svipe (Slagsmaalsvaapen).

M o s k r o: Lensmann. — B u r o: Bonde. —
Romanisæl: Tater.

201

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0203.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free