Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og banna, sanka Vevine og seg sjølv upp av Vatne og
vassa i Veg; «slipe meg, skal du kje faa det att ein
Gong, din Utangje du er!» Carolus lo so han stod
tvi-krokutt.
Endeleg tok han si eigi Byrd og labba etter, sullande
og fornøgd. Det var Synd for han Far, dette; men —
haa, haa, haa, haa! —
«Aa kjæra mine Tjavoar,
aa kjærar inte saa!
Aa kjæra mine Tjavoar,
aa kjærar inte saa!
For elles kann I ava paa Pagoen
i alle eders Aar.»
Gamlen rusla fyri og skugra og skalv. Og banna av
Hjarta denne Helvites Guteslarken, som vilde ha Helsa
av han. Snart kjende han at Klædi hans stivna paa
Kroppen; det var Frosten som tok til aa kvessast no.
Vevine paa Aksli hans vart til Is, og det fraus Joklar
paa Stakkane hennar Anna Hove som han gjekk med
paa Armen. Det klirra og klingra for kvart Stig han
steig, og knaka og gav seg i den stivfrosne Broki.
Daa small Carolus i aa læ paa nytt Lag. Og Tomas
lo med, so harm han var; «hæ, hæ,» skok han seg,
«Dyden er skrøpeleg, sa Fanden; dansa i
Glasbuk-ser!» —
— Det vart ei hard Gonge gjenom vide Heiar og
lange Fjelldalar paa smal Kost og i veksande Snø, til
dess dei um halvanna Jamndøger raaka Folke sitt i
Vaa-dal, mest halvdaude.
Der skifte dei Spane imillom seg og skildest. Det
som var av Sylv og Gull tok Olaves Didriksen og sette
beinast til Byn med; han kjende ein Mann der som
kaupte slikt; Tridjeparten av Pengane skulde han hava
ava: koma. — Span: Stuld, det stolne.
202
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>