Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
for Brye og Faaren. Han sagde Carolus, kva ein skulde
gjera naar ein vart fakka: nekte plent, so lengi Spane
ikkje var funni, «og sidan vrida seg fraa det.»
Tomas tok Borni og jlrog austyvi; Carolus og Katrine
gav seg paa Veg nordyvi att. «Og so fær me hoppas
det beste, Baani mine!» —
Fyrste Natti laag Carolus og Katrine paa ein
Fjellgard nordanum Vaadalsbygdi. Morgonen etter, daa dei
skulde i Vegen att, kjem Sonen i Huse stupande inn —:
«tvo Lensmennar med tolv Mann stend utanfyri og vil
snakka med Fanten! dei hev Børsur!»
Carolus og Katrine skifte Litir og saag paa
kvarandre.
«Stillingen er klar,» knota Carolus.
«Dei er der alt,» svara Katrine paa Fantemaal. «Kann
du sleppa ifraa dei, trur du?»
«Det vil vera meg ei smal Sak, Tjeia mi!»
«Og vart du fakka, so nektar du.»
«Det nyttar Fa’n aa nekta; disse Klædi me gjeng
i...»
«Til Helvites. Sjaa og kom deg avstad!»
Carolus snudde seg til Kona i Huse, som stod der so
kvit som Krit og berre skalv: «Gakk ut, mi snilde Kona,
og sei til Lensmannen, at det han leitar etter, stend
innanfor Gangdøri. Og so skal du segja at Kona mi her,
ho er utanfor alt; ho veit inginting. Gløym ikkje det,
snilde Kona mi!»
Kona drog seg ut.
Carolus spende Knivbelte um seg og gjekk etter. Daa
han kom ut i den ytre Døri, bad Lensmannen han stana
der; men Carolus heldt fram. Bøndane kom og vilde
taka paa han; i det same gjorde han eit Byks og drog
Tölekniven. «Er det nokon som hev Hug, so kom!»
Tjeia: Gjente.
203
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>