- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
209

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det var so ulidande. Han hoppa yvi til Slutten; der
stod: «Men eg kann aldri fulltakka» o. s. fr.; «han Far
og eg hev for vaar store Angers og ærlege Tilstaadings
Skuld fengi Tukthuse umbytt med Botsfengsel; og det
lovar eg høgt og dyrt baade for Gud og Dykk, at naar
eg kjem ut derifraa, so skal eit nytt Liv byrja...»
«Skit!» sagde Enok; «Skit» ...

Fredlaus hasta han fraa Stad til Stad, utan Bidlund
til aa arbeide, utan Ro til aa kvile. Att og fram, att og
fram; best som han var i Kjellaren høyrde dei han paa
Lofte, og best som han gjekk i Dørom og sveiv, var han
inginstad aa finne. Han gløymde kva han gjekk etter
og kvar han vilde av; tok i eit Arbeid og lagde det fraa
seg att; alting var gagnlaust og vonlaust. Han rømde
og rømde i ei Uro so Sveiten stod i Kalddropar um Augo
hans; ofte gløymde han seg burt; seig av i Tankar; vart
standande som trollbundin midt paa ein Veg, midt i ei
Tropp; smikka, smikka; mumla Ord utan Meining,
fælslege Ting; skvatt so i Veg att som skræmd; i Veg, i
Veg utan Maal eller Méd. utan Rast eller Ro; ei
Uhyggje for heile Huse.

Stundom hadde han kje Fred til aa sitja til Bords
dessmeir. Slengde seg ned; lét eit Barn lesa Bøni; reiv
i seg nokre Bitar og flaug; det var eit Under kva han
livde av slike Dagar. «Eg tore kje eta,» kvæste han;
«Maten er forbanna; forbanna» ...

Han fann fram sine gamle Skinnklæde og spjaaka seg
til att med deim; slik ein Helvites Brand og vanheilag
Kropp skulde kje sjaa ut likare. «Du kunde daa klæ
deg som Folk!» skjemde Anna; han svara med eit
braadt villt Maal, ho ikkje kjende: «eg vert kje venare,
naar eg kjem paa Legd!» Dei verste Paafynster i
Matvegen kom upp att, men villare og utan Samanheng:

Bidlund: Tölmod; «Udholdenhed».

14 — Garborg IV.

209

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0211.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free