Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«rid den Vonde deg? kjem du med Smør? Takka til, so
lengje me hev turre Brøe!»
Bøni las han Morgon og Kveld, men paa ein Maate
so det var reint stygt stundom. Alt vént og trøystefullt
sprang han yvi eller rengde um; det var som det ikkje
skulde gjelde for honom. Men kom det noko fælt, um
Synd og Fordøming og Daude og Straff, daa sette han i
so høgt og villt, og med slik ei tydeleg Tilmaating aat
seg sjølv, at ein kunde skræmast.
Han hadde det so vondt, so vondt. Den gamle Otten
for Bringa var komin att, men verre; kaldare, djupare,
lenger inn; laag og tyngde som ein Daudkalde. Det var
den, som ikkje gav han Fred; og so Tankane, alle desse
ville, rædde Tankane, som gnog og gnog ustanseleg.
Fæle Tankar, fulle av Gudsspott; skræmeleg Gudsspott,
so han rømde for seg sjølv; Ljone maatte slaa ned;
Jordi maatte opne seg ...
Naar han endaa hadde kunna sova! Men han torde
ikkje. Angesten vart so vid, so vakin — ; det vakna
og vakte rundt ikring han med dimm, stirande Rædsle
og store skræmde Augo; i det same han skulde sovne,
skvatt han høgt upp; fann seg att i den tunge Sengi
sveitt og skjelvande.
Sjelden fekk han Svevn fyrr utpaa Morgonstundi;
men daa tog Draumane han. Han hekk og svimra paa
Toppen av Kyrkjetörn; laag og krabba paa høge og
bratte Hustak utan Fotfeste; maatte glide, glide...
men gleid ikkje; eller han sat og køyrde nedyvi svære
Brekkur som vart brattare og brattare, brattare og
brattare; sistpaa var det nakne Bergstupe, djupt ned,
djupt ned ... men ned skulde han. Eller han hadde gjort
noko vondt; hadde drepi; gjekk no og rømde for
Lensmannen; stundom var han dømd og skulde bli retta;
heile Draumen gjekk ut paa at han skulde bli retta;
210
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>