- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
211

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

men so kom det noko i Vegen; alltid noko i Vegen; han
stod under Galgen; stod og saag paa Bile og Blokk;
men det drog ut, drog ut; vart ei einaste lang
Daud-rædsle. Ein Gong drøymde han at han var ned-i ein
vid stor Kjellar; og den Kjellaren var Helvite. Der stod
han og slagta Sauir; slo og stakk; Sau etter Sau; men
ei Rædsle var yvi han, liksom det var noko fælslegt,
det han gjorde. Daa han skulde sjaa seg til, var det kje
Sauir han hadde slagta, men sine eigne Born. Kropp
ved Kropp laag dei burtetter Golve; lengst burte ho
Anna med den minste ved Bryste; Gunnar lyfte sin
stive Arm, som var flaadd... Han jamra seg i Svevnen
so ho Anna laut vekkje ’n.

Presten var der ein Gong, men kom ingin Veg. «Thi
det er umuligt; umuligt —!» Anna freista den Raadi
som hadde hjelpt so godt ein Gong fyrr: sende Bod etter
Lars Nordbraut. Men denne Gongen nytta det mindre.
Lars sat og arbeidde med Enok ein heil Ettermiddag,
men vart lite høyrd. Lagde seg paa Kne og bad for
han; men «der er en Synd til Døden,» sagde Enok, «og
for den skulle I ikke bede.» «Det er ei Djevelens
Innbilning, Enok! du maa da forstaa, at det er ei Djevelens
Innbillning, som han vil fanga deg i!» — «Thi det er
umuligt —; thi synde vi med Vilje efter at have annammet
Sandhedens Erkjendelse, da er der ikke Offer for
Synden; der er kje Offer, Lars!!» Enok skreik. Lars gav
seg ikkje; han kom med alle dei sterke Ord um Soning
og Naade som fanst i Bibel og Salmebok; — Anna sat
ut i Kammerse med Døri paa Glytt, og det var so vent
at ho grét; men Enok forherda seg. «Ein lydende Malm
og ei klingende Bjelde ... er det for meg no,» sagde han.
«Det gjeng inni det eine Øyra og ut or det andre; det
er kje til meg.» — «Det er Djevelen, Enok,» bad Lars,
han vart sjølv rædd. «Du vil daa kje høyra meir paa

211

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0213.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free