- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
214

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Bitterdø!» braadde han i; det var som han hadde
fengi ein Tanke; «veit du ein Dokter som ikkje trur paa
Gud?»

Ho bleikna burt der ho stod; no kom det, no kom det;
— «kva segjer du?!»

Han stilna av att og vart modlaus. «Fanst det berre
eit Menneskje paa Jordi... som kunde faa meg til aa
tru at der ikkje er nokon Gud.»

«Du skulde skjemmast, Enok!»

«Den som var Fant. Fantane hev det godt; dei trur
kje paa nokon Ting. Berre einkvan kunde ta Gud ifraa
meg!»

Han braasnudde og rømde; stana att —:

«Tru det kunde hjelpa um eg gav meg til aa drikka?»

Ho gjekk ifraa han. So fortryllt hadde ho kje set
han fyrr.

Han flakka avstad att.

xxvni.

Straalande fin Sundagsmorgon.

Soli tek til aa spéla seg paa Veggen uppmed Bokhylla.
Den glade kvite Solflekken dansar att og fram.

Ute blæs ein lett, svævande Sümarvind. I den voggar
Tr éi der ute sitt unge Lauv og den bannstøytte Selja
dei Greinine, som enno liver.

Lerke og Stare og annan Smaafugl kvitrar og kved,
so glade at det er som dei smaae Bringune kunde
sprengjast av Morgonjubel. Kvitt, kvitt; kvitt! titt, titt, titt,
ti—it! ti—it! tirli-tirli-tirli-ti!

Inne sit dei ved Borde og fær seg Mat. Enok riv i
seg ein Bite so daa og daa; gløymer seg av; sit og stirer
og glor med svevnstive Augo.

Hev kje Hug paa Mat. Likar kje Mat. Kva skal han

214

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0216.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free