- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
215

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

føde paa denne Kroppen etter? Den som var stød
nok ... kunde berre svelte seg ihel.

Ikkje vanvyrde Guds Gaavur? — han gjev Fenden i
Guds Gaavur. Det gjorde godt. Slik ein heit, djevelsk
Tanke: eg gjev Fenden i Guds Gaavur... aah; det
gjorde rivande godt.

Noko anna au kviknar derinne; noko endaa heitare,
endaa meir djevelsk; han vilde gjerne tenkje det; brenn
av Hug til aa tenkje det; høgt; høgt; beint upp i Augo
paa Han —; segja det, skrike det; men han torer ikkje.
Ljone kunde slaa ned. Han ser berre Tanken langt
burte; det er ein framand Tanke; ein Tanke som gjeng
laus; ei Geit, ein Tankebukk; ein Bukketanke; ein
Sattan av ein Tanke som gjeng og hoppar og lær og
sparkar mot Himilen og gjer Faktir ...

Enok reiser seg fraa Borde so braadt at alle kvekk.
Gjeng fram aat Spegilen og speglar seg. Skjekkjer og
grin. Jau; det er Fenden. Det er Fenden. Ingin annan
er det som stirer ut or desse Augo og geiper og rengjer
i desse fælslege Andlitsdrag. Smikk... smikk; han
hastar ut. Dei høyrer han gjeng aat Bui. Tru han skal
aat Skatole att, og staa der og stire og mulle yvi den
tome Sylvskuffa?

Men Enok gjeng aat Bua-Spegilen. Han grin til seg
sjølv. «Dette var det, ho saag! Dette var det, ho saag!
Den gamle Legdehurpa hadde nok kje venta aa sjaa
Fenden i Augo hans Enok Hove.»

Forgjord! — forgjord er det han er. Djevlesett som
dei galne i Evangelie. «Kom Jesus, so vilde eg au rasa
og banne og segja gakk din Veg. Jesus ? — Same Slage.
Var det sant Helvti av det som stend, so kunde han ha
frelst meg au, daa eg bad han um det. Dei lovar stort,
men held ein L—. Ja sjaa der! sjaa der! er det kje
Dævelen? er det kje Dævelen?»

215

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0217.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free