Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— «Gjera det i Dag? I Kveld, naar det vert myrkt?
So er det gjort! Og so veit eg daa, at det vert ikkje
verre.» Smikk ...
— Ho Anna stakk Hovude inn; kremta lint, so han
ikkje skulde støkkje: «hm. Vil du kje lesa Bøni, Enok?»
Busande villt brast det utav han: «Helvite vert heitt
nok aat meg, um eg ikkje les fleire Bønir.»
«Skjemmest du kje, Enok? — Du er daa kje galnare
enn du veit kva du segjer og gjer. Sjaa um du kann
kje aga deg, naar her er framande Folk! Eg vil kje
høyra slikt meir; so mykje du veit det. Det er so fælt
at eg hev reint vondt av det. Borni skulde du au tenkja
paa, — korleis det maa vera for dei aa høyra og sjaa
paa slikt. — Vil du kje til Kyrkja heller?»
Rolegare, modlaust svara han: «naar Hunden kjem i
Kyrkja, vert han ut jaga.»
«–Eg tykkjer kje du skulde gjeva so reint upp
alt, Enok. Du er daa so klok —: du veit betre enn du
steller deg til. Kom no og hald Bøni; og sansa deg
litegrand. Du kann daa vita det gjeng gali, naar du gjev
deg yvi.»
«Aa ja du hev Rett, Anna. Du hev Rett;» han slo
yvi i Graatemaal.
Litegrand etter gjekk han inn aat Stogo og fann fram
Salmebøkane.
Sette seg ved Leseborde og bledde lengi. Salmen paa
Dagen lika han ikkje. Fann kje noko som han lika;
bledde att og fram. Dei andre sat stille og venta. Tikk
—tikk; tikk—tikk, sagde Stoguklokka seint og
töl-modigt.
Kvitt-kvitt-kvi—itt! Titt-titt-ti—iti! ti—itt! — Ja
dei kann nok syngje, som ikkje skal liva æveleg...
Endeleg sagde han dei fekk slaa upp No. 230.
Hardt og stygt sette han i:
217
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>