Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Hjertelig mig nu længes
efter en ... End’!»
— «salig» sprang han yvi. Villare og villare hasta han
i Veg:
«Thi ynkelig jeg trænges
af Drøvelse og Eiend.
At vandre er-jeg-rede!
fra Verden-med-en-Fart!!
Til––;
kom, —, kom nu snart!»
«Himmeriges Glæde» og «Jesus» sprang han yvi. Det
var skræmelegt aa sitja og høyre paa.
Sidan laut dei syngje aaleine for det meste.
Kvitare og kvitare skein Soli; gladare og gladare
spela Solflekken seg. Dansa paa Veggir og Golv; lyste
paa Stakken hennar Anna; leika i det sveitte Haare hans
Enok; skvatt so uppi Rote, der Flugur i Tusundtal
krauma og kraup. Skuggen av den gamle Raunen, som
svinga der ute i Sümarvinden, vogga seg paa Veggen
ved Klokkehuse og paa det brune gamle
Sengje-Um-henge; alt var Sol og Sümar. Og endaa var det som dei
skulde sitja i ei Lik-Stogu.
Salmen drog seg utyvi til Verse: «Du arme,
bedrøvede Enke, mistrøste dig ei saa»; daa kom ho Anna paa
Graaten. Enok ramsa upp Bøni i ei Hast og gjekk ut;
dei saag han kje att fyrr utpaa Kveldsida. —
— Oftare og oftare lét han vera aa halde Bøn; og det
var so fælt, totte ho Anna; det var som han gav upp si
siste Von. Men det verste var, at han gav seg til aa
røde um aa gjera Ende paa seg.
Anna gjekk med ein Verk for Bryste kvar Dag, og
var stundom so sjuk at ho helst skulde ha lagt seg;
Röt: Loftgolve yvi Stogurome.
218
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>