Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
i Hovud og Prikking i Hud; Sög og Slit og Kaldkitling i
Magen; Tyngd og Magtløyse; snøgge, forvillande
Svim-ringar; sviktande, veike Kne; men alt ihop var det eine
og same: Angesten, den kalde, svarte Angesten som
laag for Bringa og saug som ei Natt, som eit Gap, ein
Svelg, tom og djup og utan Vit, utan Grunn eller
Grense.
So snart den gav seg, letna det med alt; han totte kje
det vanta han noko vidare. Han kunde jamvel stundom
sukke til Gud. Men berre det hende den minste Ting;
um ein Kalv var sjuk; um ho Rakel slo sund ein Kopp;
um Litle-Paulus fekk Hol paa Skorne sine, ja ofte utan
nokon Grunn, — kom Angesten veltande som ei
Myrke-skodd av Have. Og strakst misste han Take i seg sjølv;
dreiv for kvar farande Tanke viljelaus og ør; han var
som ein Kork i Dragsug.
Han hadde Ridir daa han ikkje fritt fekk draga
Anden ; var som innestengd; hadde Kjenningar som han var
Uvande lagd i Kiste; eller liksom av store, dimme
Taake-Augo som glodde paa han; og Bryste snørde seg, so
Andedragi vart til tunge, djupe Hjartesukk. Stundom
vart alt ikring han so framandt. Det drog seg ifraa
han, kom han kje ved; han gjekk inne i eit vidt, tomt
Rom aaleine med seg sjølv og noko stygt han ikkje
saag; men utanum Trollringen stod hi Verdi og glodde
og fælte; og han var rædd at alt som ikring han var
skulde setja i og skrike, villskrike, remja i med Graat,
himlende vill Angestgraat...
Vatn, Vatn; sløkkje all denne Brand og Pine i eit
djupt, djupt Vatn ... Gud frelse meg!!
Den som endaa hadde havt nokon aa røde med; aa
jamre seg fyri! Aa, um han kunde vinne att Borni sine.
Det kunde vera det same med Gud; berre han kunde
faa att Borni. Tenk um han Gunnar kom heim, og vart
220
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>