Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
glad i Far sin att, som han var daa han var litin! Slike
Tankar kunde faa Enok paa Graaten mest.
— Noko fælt leidt hende. Dei laut byte Gjente midt
i Aare; ho Maren, det Slarvetinge, hadde vorti med
Barn. Den Ukjura han Helmik Heialand skulde vera
Skuldi; han slepte seg nok reint yvi, det Menneskje.
«Vaabøni! Vaabøni!» braaka han Enok; «for mi Skuld
kastar Gud Vanære yvi heile mitt Hus. Kvi Fenden
gjeng eg her? kvi gjer eg kje Ende paa meg, so Guds
Vreide kunde venda seg!»
Det sveiv rundt i Hovude hans, sleit og vreid, til det
verkte og glødde under Pannekvelven. Det kom ei
Prik-king inni Heilen; ein linn, pinande Klaae; ei Kjensle som
um Heilen svall upp og vart for stor og laag og kitla og
kitla mot Beinverke; underlege Paafynster kom; han
fekk Hug til aa staa paa Hovude; til aa stupe Kraake.
Tankane gjekk i Ring, heitare og heitare, ræddare og
ræddare; han skvatt upp og jaga deim, men kunde kje
vera deim forutan heller; det vart so tomt og utrygt
daa; alt gleid burt og han sjølv med; so gav han seg
yvi og lét Tankane tumle som dei vilde.
Men stundom gjekk dei burt av sjølve-seg; drogst av
ei framand Magt ut i svimrande Natt, i det ævuge
Myr-kre; han stod etter burtgløymd og burtkomin med
fiktande Hendar og ørskande Minur, mullande Ord han
ikkje forstod, Banningar, Bønir, meiningslaust Tull; det
høyrdest i Herota for han som ein annan skulde røde.
— Det var ein Kveld Djevelen elte han framifraa.
So fortumla var han, at han visste kje kvar han
gjekk; hugsa kje til seg, var som fraa Samlingi; men
kvar han gjekk og ikke gjekk, so kom han Gong etter
Gong til Heialandsvatne; like innunder den vesle
Hamaren, der Vatne var so djupt.
sleppe seg yvi: gjeva seg upp; «forfalde».
221
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>