- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
222

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

For tridje Gongen stod han der no i den myrknande
Kvelden.

Vilde Gud det?! vilde han tillata det? Gav han
Djevelen fritt Spél! Enok kasta seg aa Gruve i Lynge; tok
Tak med baae Hendane; heldt seg fast; Skjelvingar og
Rykkjingar gjekk ’n gjenom Kroppen; men Djevelen
drog og drog, nærare og nærare; nærare og nærare...
og Vatne der nede lokka og lokka, sutla og skvala, so
koseleg og so smaatt...

«Gud i Himilen; dette vil du kje; dette vil du kje!!»
— Kor lengi han laag der og stridde for sitt Liv, det
visste han ikkje; tilslutt hadde han krabba seg eit
Stykke upp etter att; men Djevelen drog, og Vatne
lokka.

Daa var det eit hardt, sterkt Maal i Heil sunnanum
Vatne som sette i og song. Det var han Tønes Tualand,
Skulemeistaren.

«Ein Lyktemann i Kvelden sviv,
ein fredlaus Gut;

so blæs det upp, og burt han driv
og sloknar ut.»

Dei sorgtunge Tonane dreiv vidt yvi Heil i
Kveld-stilla; der døydde dei utan Svar. Men for Enok kom
dei som ei Svaling.

«Han kvervdest burt i Skoddeflaum,
i Regnhjelm graa;
men dette var hans beste Draum:
aa slokne faa.

«Av Myr og Eim han sjuk var fødd
til Natteferd;

ein heimvill Draug, av Live mødd
han vanka her.»

222

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0224.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free