- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
223

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Songen drog sør-yvi, lenger og lenger burt; siste
Verse kunde Enok so vidt skilja.

«Som Ljose hev den eine Draum!
aa brenne ned, —
han helsa glad den Skoddeflaum,
som gav han Fred.»

Ei Vibe flaksa rundt i Lufti og tagde. Døyvd Aa-sus
skar hit fraa Brekkehøgdom. Langs-etter Strendine
steig Kviteimen sval og mjuk og breidde seg yvi Sev og
Steinar.

Enok laag i Lynge og grét. «Du hev frelst meg!
Store Gud, du hev frelst meg! og høyrt mi Bøn! Store,
kjære Herre Gud, du hev høyrt mi Bøn og frelst meg!»

XXIX.

Han gjekk heim; sov roleg um Natti og vakna um
Morgonen med klaart Hovud.

Han torde kje tru paa det; gjekk heile Dagen og
undrast og ræddast; det kom vel snart; det kom vel
snart... Men han fekk Fred heile Dagen. Um Kvelden
bad han ei hjarteleg Bøn.

«Kjære Frelsar,» sa han stilt, «du hev vori god med
meg i Dag og lati meg endaa ein Gong faa sjaa di milde
Aasyn. Og kjenna di sterke Frelsarhand. Og du lét
meg faa tru, at det er av Naade og ikkje av Vreide, at
du tuktar meg so hardt i denne siste Tid... at eg
tilgagns skal faa sjaa. kva eg er i meg sjølv, naar ikkje
du hjelper. Aa Herre, eg takkar deg; eg takkar deg!
Aa, dersom det no var din Vilje — dersom du saag det
var Raad... aa sleppa meg ut or denne store Rædsla,
som eg med mine Synder og mitt Ovmod so syrgjeleg

223

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0225.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free