- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
224

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

væl hev fortent. Aa, dersom du kunde lata meg faa
kvila, Herre, um det so berre var ei Stund; kvila fraa
dei store Angestar. Ja Herre, um du i din Naade kunde
lata denne Kalk gaa ifraa meg! Um du kunde lata meg
faa tru paa din Naade; um du vilde stydja. og hjelpa
meg i den tunge Strid, at eg ikkje skulde liggja so reint
under! Aa, du hev sagt, at du ikkje vil lata oss prøvast
yvi vaar Formue. Og du vil ikkje ein Synders Død; du
vil at han skal umvenda seg og liva. Aa kjære naadige
Frelsar, eg bed deg av alt mitt forpinte Hjarta for ditt
eigi dyrebare Blods Skuld, hjelp meg. Du, som sjølv
leid den store Angesten i Getsemane Have, so at du
sveita Blod; du, som i Daudens Naud paa det heilage
Tre sjølv maatte kjenne at Gud hadde forlati deg... aa
du veit mi Naud; og du veit kor veik og hjelpelaus eg
er; aa, du vil vera med meg og halda mi Hand gjenom
Daudens Skuggedalar.

— «Men,» heldt han fram med ein lang, skjelvande
Sukk; — «er det din Vilje, at eg enno ei Tid skal tumla
um i denne Forvildelsen... Du ser det, Herre. Du
maa forstaa, at det er meg best. Du kjenner meg, og
veit kva eg treng... og kva eg toler. Eg gjev meg i
di Hand; eg set mi Lit til deg. Men, Herre... ver
barmhjertig ...» Mæle brast. Med Taarir heldt han fram:
«ver barmhjertig! Gakk ikkje reint burt fraa meg; lat
meg aldri vera reint aaleine. Hav eit Auga med meg,
Herre; hev alltid eit Auga med meg! Spara meg, um du
kann, for dei fæle Bespottelsar og dei djevelske Tankar!
Og før meg so, Herre, endaa naar eg ikkje rett sansar
meg eller kann raa meg sjølv, — før meg so, Herre, at
Utgangen kann verta god, til di Ære og til Frelse for
denne arme Sjæli. Og ein Ting, Herre, vil eg krevja av
deg»; — han stilna av i Mæle som han vart rædd. «Du
veit, kva Djevelen kviskrar til meg i svarte Stunder;

224

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0226.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free