- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
225

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— du veit det Herre!!» han skreik upp. «Det vil du
kje gje han Lov til; det vil du hindra! Gjer med meg
som du vil; men fri meg fraa det vonde!! — Fader vaar,
du som er i Himilen, helliget vorde dit Navn...» —

Etterpaa song han med stilt Mæle:

«Hvo ved, hvor nær mig er min Ende.»

Siste Strofa song han uppatt, og Augo vende seg
graatfyllte mot Himilen —:

«Min Gud, gjør dog for Jesu Blod
min siste Afskedstime god!»

Anna grét, so Taarine strøymde.

Men det tok snart til aa verstne att. —

— I Marknaden reiste baade Anna og Enok til Byn;
dei vilde freista aa faa heimatt han Gunnar.

Og Gunnar lova godt. Han skulde segja upp til
Vaa-ren, lét han. Enok vart so glad som eit Barn. Det kom
ei noko-so-nær god Tid utetter no.

I Joli, daa Gunnar var heime, vart det reint som eit
lite Gjestebod. Nokre av Skyldfolki var der; og Enok
hadde kaupt heim mange Slag godt til Jol, endaatil Vin
og Kaffi; sjølv tvinga han seg, so han var som eit anna
Menneskje paa Lag. Og Gunnar, som fekk vita av Mor
si korleis alt stod til, var snild og lempeleg mot Far sin.

Men Enok forstod at Guten sytte med aa koma paa
Tvomandshand med han; og dette gjekk so innpaa han,
at han gav upp alt. So snart Gjestine var burte, viste
det seg, at han var midt uppi ei Rid av verste Slage.

Svevnløysa kom; og han vart meir og meir fortryllt.
Det gjekk so vidt at han ikkje kunde tvinge seg for
framandt Folk heller alltid.

Fleire kom og vilde trøyste han; Presten var der;

15 — Garborg IV.

225

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0227.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free