- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
231

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Du skal kje gaa med Skjegg under Nasane, Gunnar!
Det er Djevelens Væsen, Djevelens Væsen, Djevelens
Væsen —,» smikk ... smikk ... «det er gali nok at Far
din gjeng til Helvite.»

«Korleis er det du snakkar, Far?»

Like innpaa Son sin, kvæsande hardt og villt, heldt
Enok fram:

«Og so skal du kje dansa. Veit du kva? daa eg var
ung, vilde eg au læra aa dansa; men eg kunde kje.
Bad so smaatt til Gud; men nei. So bad eg til Fenden.
’Du Fenden, kann kje du læra meg aa dansa?’ — daa
lærde eg litegrand. Men no tek Fenden Løni. Du skal
kje dansa, Gunnar; lova meg det.»

Gunnar var bleik; han sagde ja, men visste knapt av
det. Verre Ting hadde han paa Samvite sitt...

«Ser du at Gud hev forlati meg, Gunnar? Ser du
det? ser du det? Alle kann sjaa det. Men naar du
kjem heim, skal eg klara meg like godt. Du skal faa
Garden med ein Gong; og er det nokon du vil gifta deg
med, so berre gift deg. Ein skal gifta seg; for elles fær
den ureine Aand Magti. Hev du vore standhaftig mot
den ureine Aand, Gunnar?»

«Ja —.» Guten vart svært raud.

«–Du tykkjer vel eg ser rar ut? he?» — Tett

inn i Andlite paa Son sin kviskra og kvæste han: «det
er Fenden. Det er Fenden. Denne Angesten for Bryste,
ser du. Angesten; he? den hev kje du kjent. Is; Natt;
Is og Natt; langt inn i Sjæli.»

«Far, du maa–»

«Hyss. No skal eg segja deg noko. Djevelen er etter
meg; han vil eg skal gjera Ende paa meg. Kvar Dag,
kvar Kveld ...»

«Det... gjer du kje, Far! Det — aa, det gjer du kje.
Der skal Viljekraft til det; og det hev du visst ikkje.»

231

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0233.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free