Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Enok grét. «Det er det eg au trøyster meg med. Eg
kann kje; eg kann kje. Eg hev kje Kraft» ...
— Stakkars Far.
Jau her saag ut. Og han Far som hadde haldi seg so
trutt til Gud; hjelpte det kje meir aa halde seg til Gud ?
— Og eg, som–; Gunnar kjende seg raadlaus.
Gjeng det no gali med meg 6g. .. — «Det er vel ein,
som vil hjelpa deg,» sagde han raudnande.
«Dersom du kunde faa meg til aa tru at der ikkje er
nokon Gud!» kviskra Enok. «Lensmannen trur kje paa
Gud, og han hev det godt; Dokteren trur kje paa Gud,
og han er feit som ei Ku; Fantane trur kje heller paa
Gud; — aa nei, den som hadde det so godt som
Fantane.»
«Er det kje best me gjeng inn no, Far; her er
kaldt...»
«Men du maa lova at du vil koma heim,» bad Enok.
«Du maa koma heim og passa Far din. Eg tor kje gaa
her aaleine; kvar Gong eg ser eit Tog eller eit Reip...»
«Kom no, Far.» Gunnar tok Far sin i Armen og drog
han halvt med Magt innetter aat Stogo.
«Han er sterk likevel,» murra Enok; han fylgde
vilje-laus som eit Barn. Sutrande lagde han til: «ja naar eg
hadde din sterke Arm til aa stydja meg!» —
XXX.
Med Iaakt Samvit for Gunnar til Byn att. Det vart
verre no. Han hadde aldri trutt at det stod so gali til
heime.
Men kva skulde han gjera? Kva i F—Pokkers Skinn
og Bein skulde han gjera ? Det vart kje betre, om han
kom heim no.
Denne H—stygge Slarvegjenta, som han hadde vasa
232
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>