Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Helga (bleik). Skal eg maatte ofre deg med! —
sa han.
Jens (ser paa henne). Kva var det for Tøv?
Helga. Han sagde kje meir.
Jens.–Og i Ulag var han ?
Helga (tvingar seg). So modfallin hev eg aldri set
han fyrr.
Jens (gjer seg kvat; reiser seg fraa Borde). Det er
Krisis, Morr. Takk for Mat. Du skal nok sjaa det
jamnar seg.
Helga (med ein Gong i Graat). Eg er so glad...
for du er komin, Jens... du veit det ikkje! (Tvingar
seg.) Han likar deg; og du kan røde med han.
Jens (som fyrr). Me fær hjelpast aat! Eg trur paa
Paaleguten, eg; og eg skal gjera det eg kann; for eg
hev au (smiler) Bruk for ’n.
Helga. Hev du ?
(Døri hev gjengi stilt upp, og)
E velin de (kjem). Goddag og Guds Fred.
Helga (liksom kvekk). Aah!–(Stutt.) Er det
du, Evelinde?
E v e 1 i n d e. Eg kjem med Helsing og Bod fraa
Læraren.
Helga (kaldt). Aa; du hev raaka ’n.
Evelinde. Eg raaka han hjaa Syster Johanna.
Helga (som fyrr). Det er rimelegt. — Var det noko ?
(Jens stirer uroleg paa Helga.)
Evelinde. Han hev tilsagt Møte i Kveld.
Jens og Helga (ser paa kvarandre). Aa —?
Evelinde. Og han bad meg helse deg, at du skulde
vera roleg og glad; Gud vil jamne det for oss, sa han.
Helga. Var han ... fornøgd ?
15
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>