Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
E v e 1 i n d e. Han var so glad. Gud hev lati ei ny
Sol gaa upp yvi meg, sa han; no fyrst er eg fri!
Jens (ser paa Helga). Kven veit?
Evelinde (til Helga). Resten vil han fortelja
deg sjølv; han vilde skunde seg heim, sa han. De hev
han snart, tenkjer eg; eg vart heft so lengi hjaa Syster
Johanna, — som nok snart fær sleppe heim.
Helga (stutt). Jaso. — Ja Takk for Bode. Skal
Møte vera her?
E v e 1 i n d e. Det skal so. — Farvel; Guds Fred yvi
Huse. (Gjeng.)
Helga. God Kveld.
Jens. Hm! — Det var Evelinde.
Ja som sagt, Helga; lat oss halde oss med Mod. Det
høyrest ikkje so ille, dette. God Dag so lengi; eg gjeng
burtum Grannen no med same; skal vera her att um
ein halv Times Tid. (Gjeng.)
Helga (stend litegrand; kastar seg so fram-yvi
Borde i sterk Graat). Aa Gud gjeve det var so vel! —
Aa Gud gjeve–det var so vel. (Samlar seg. Tek
Kaffedisken og gjeng med den ut Kammersdøri. Strakst
etter inn att.)
Tabitha (ei reint ung Gjente, sped og bleik med
store, urolege Augo, stikk Hovude inn). Er her Bod
fraa Læraren?
Helga (stutt). Ja.
Tabitha. Vert det Møte?
Helga. Ja.
Tabitha. Gud vere Lov og Takk. — Her?
Helga. Ja.
Tabitha. Gud vere Lov og Takk. (Ut.)
(Helga set seg til att med Saumen. Sig burt i
Tankar.
16
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>