Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Køyredur vert høyrd utanfyri. H elg a skvett glad
upp. Samlar Saumen og ber ut i Kammerse.
Litegrand etter Jcjem Paulus Hove inn. Det er
ein Mann paa upp-imot tredive, ljos, tettbygd, sterk,
med rask Ferd; Andlite godsleg djervt; han ser glad ut
og er i stort Føykje.)
Paulus (ropar). Helga!
(Gjeng att og fram; hev lite Ventetöl.)
Helga (snøgt inn, med liksom eit nytt, gladare
Andlit). Velkomin, Paal! — No kjem Kaffien strakst.
Paulus. Du, no skal dei faa høyre Sanningi.
Helga. Kven?
Paulus. Farisæarane! Lesarane! Heile Bøie!
Helga (vaagar ikkje aa tru). Lesarane ?
Paulus (att og fram). Sanningi, ja. Eg skal lekste
upp for deim. Dei skal faa høyre noko dei aldri hev
høyrt fyrr: Jesu Kristi Evangelium!
(Braadt). Eg hev vori ein Farisæar, Helga.
Helga (utrygg). Du ?
Paulus. Den verste av deim alle. Ein Farisæar,
ein Ljugar; ein Sattans Apostel; men Gud hev vori god;
aa, uendeleg —; aa, Helga–(braadglad; tek henne
um Live og svingar henne rundt.) Eg er fri Mann,
Helga!
Helga (forfjamsa, uroleg-glad). Naa daa, Paal; er
du rusk?
Paulus. Fri Mann! Kann du forstaa —! Aa
langt-ifraa. Inkje noko Menneskje forstend. Det gjeng yvi
alt Vit. Det er ein Rikdom! eit Ljos! Verdi er ny!
Og eg er ny! Alt er nytt, — nytt, Helga!
(Gjenta kjem med Kaffi.)
Helga. Dette maa du forklaare meg, Paal. Eg treng
tid eg, veit du — (Viser til Borde.) Set deg fram-aat —
17
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>