Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Paulus. Enn eg daa! Hev eg kje gjengi her i desse
Aari i ein Trældom verre enn den verste Syndetrældom ?
Og Orde hadde eg, men inginting forstod. (Set seg aat
Borde.)
Og beint mot Guds klaare Ord var eg i all Ting; og
vilde ikkje forstaa. Kjende det godt, men vilde ikkje!
Og innbilte meg, at eg var frigjord fraa Verdi og Syndi.
Alt til dess det kom, det med Evelinde.
Helga (mest tumlar). Med Evelinde —
Paulus. Ja. Ja ikkje noko faarlegt, — soleis. Men
du veit me var Uvénir eit Bil daa, du og eg, kva det no
var for noko Tufs; og so med ein Gong ein Dag, so
fann eg meg midt uppi Tankar og Draumar um
Evelinde.
Helga (hev sett seg. Svært bleik.) Jaso.
Paulus (gaar ikkje etter). Tufs og Tull og
inginting! Men so mykje forstod eg, at hadde Freistingi
vori ute, — so var eg ikkje stødare enn so! Den gamle
Adam sat der inne livs livande! Berre løynd attum ein
Haug med Bibelspraak. (Ét innimillom; men gløymer
seg kvar Stundi.)
Helga (tvingar seg). Og so —
Paulus. Eg vart rædd, kann du vita; og arg med;
for no meintest eg vera so vidt gamall i Trui, at eg
skulde ha vori ferdug med slikt-noko. Og eg til aa
granske og ransaka meg sjølv baade upp og ned; og
kva trur du eg fann? (lær) Heile Læraren, heile
Heilagmannen, — ein Sattans-unge fraa Topp til Taa! Berre
løynd i ei gudeleg Kaape.
Helga. Du er so streng med deg sjølv, Paal. Du
hev daa visst meint det so ærleg —
Paulus. Ja det var mest det galnaste! Eg meinte
det so ærleg at eg hadde stræva meg mest ihel; og
endaa stod eg der soleis; ikkje eit Stig Framgang!
18
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>