Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Berre eg kasta Lesarhamen, so kunde eg vera eit
Verds-barn med ein Gong. Alle gamle Lystir like livande!
Og denne Angeren min, som eg hadde pint meg med
i alle desse Aar, — berre Tufs, det med. Enno gjekk eg
der og drog paa Syndi mi. Enno var eg rædd Daude og
Dom. Enno hadde eg ikkje vunni att Barnehøve. Gud
var no som fyrr Domar meir enn Far, og sat der uppe
og heldt Bok yvi Tankar, Ord og Gjerningar.
Helga (uroleg). Gløym no ikkje Maten, Paal.
Kaffien vert kald for deg.
— Du, det er sant, Jens er her, Bror min.
P a u 1 u s (fornøgd). Jens Eide? Det var gildt! Min
gamle amicissimus! — Ja han vil eg gjerne tala med.
Eg fær Bruk for Lensmann au no snart. Kor er han?
Helga. Han kjem snart. Han gjekk berre eit Ærend
burtum Grannen.
Paulus. Det er godt. — Men eg maa fortelja deg
dette. — Eg vart so rædd som eg aldri hev vori fyrr;
— ja du saag korleis eg gjekk her stundom, myrk og
morsk som eg skulde ha drepi Folk, og uppe halve heile
Nætane. Og so gjekk eg til Presten.
Helga. Aa ja; — her fyri Jol.
Paulus. Ja. Til gamle snilde Provasten, som eg
hev skjellt ut so mang ein Gong i Lygjepreikune mine.
Men han var meir til Mann enn eg visste um, og meir
til Kristin med; me er alltid so snare til aa døme, me
Farisæarar. No tykkjer eg reint det er leidt, at han er
reist fraa oss.
Helga. Kva sa han ?
Paulus. Han tok imot meg som ein Far, gjorde
han; og um eg ikkje hadde trutt paa Kristindomen hans,
so kom han endaa til aa segja med det Orde som førde
meg inn paa ny Veg. «Tenk paa Far din,» sa han.
Helga (uroleg). Aa —; han meinte daa ikkje —
19
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>