- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
28

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

største Syndaren og den beste Angraren? (Kremting;
veksande Uro.)

Var dette Kristindom? Vart der noko av det? Var
det for dette at Gud sjølv steig ned av Himilen og leid
og stridde og døydde, — at me skulde sitja her og
klynke og syte um Syndi og halde lange Bønir liksom
Farisæarane ? (Stilt.)

Spyrr deg sjølv. Spyrr deg, um du er sterkare i di
Tru, fastare i din Vilje, heilare i din Hüg, reinare i di
Sjæl, eit betre Menneskje enn du var, daa du tok til
med Striden?

(Braadt.) Eg laug for dykk. Eg laug for dykk,
Brø-rar og Systrar! (Spyrjande Murring; Kremting.)

Det er ikkje Syndine vaare det gjeld. Det er ikkje
Angeren vaar det spyrst um. Kven trur du bryr seg um
Angeren din? f Kremting.) Innbiller du deg, at du
kann angre deg til Naade? Angre deg inn i Himilrike,
liksom du slit deg til ei Dagløn? Du Farisæar, gakk til
Jesus og høyr kva det er han spyrr deg um! (Stilt.)

Han spyrr: vil du bli frelst. Og ser han at du vil, —
at du er trøytt av ditt gamle tome Liv og leid av Verdi
og alt som er i Verdi, heile denne Huldreheimen med
alt det me der gjeng og fiktar etter, Gods og Gull, Ære
og Magt, Elskhug og Vellyst og glade Dagar, alt dette
Trollgull som ikkje er anna en Bos og Myk, naar det
kjem fram i Dagen, — ser han at du er leid av alt dette,
og vil inn i eit nytt Liv, — so spyrr han ikkje um du
angrar, ikkje um du er botferdig; han nemner ikkje
det; han spyrr berre: trur du? trur du, at eg kann
forlata Syndir paa Jordi? Og ser han at du trur han paa
hans Ord, so segjer han: ver frelst. Det vere deg som
du vil. Og du er heil i den same Time. (Reint stilt.)

Syndine dine? Ja det var dei som vart burttekne no.
Gravne i Jordi, sekkte paa Havsbotnen, utstrokne,

28

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free