- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
29

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gløymde, ikkje til lenger; han vil ikkje høyre gjeti deim
meir, ikkje vita um deim; han hev daa visst havt nok
av den Styggedomen. Og so gjeng du her i alle dine
Livedagar og flaggar med denne Syndi like godt! Trur
du daa ikkje? Ja trur du ikkje, so gakk heim til Verdi
att; i Guds Rike hev du ingin Ting aa gjera! (Uro.)

Nei; det er noko anna han krev av oss, godt Folk.

Daa den rike Guten kom og spurde kva han skulde
gjera, so sagde Jesus: haldt Lovi. Guten svara: den
hev eg haldi fraa min Ungdom av. Hadde det vori eg,
— eller du, min høgvyrde Far og Lærar Lars
Nord-braut —, so hadde me haldi ein Tale for Guten um
Sjølv-Rettferd. Me hadde prøvt aa knasa dette harde
Hjarta; me hadde vist Guten burt og sagt: kom att
naar du hev gjort Bot, naar du hev Angeren! Men
Jesus? — Han gjorde ikkje det. Han lika Guten. Han
forstod at Viljen her var god. Berre ein Ting lagde han
til. Eitt vantar deg enno, sa han. Anger? Langtifraa.
Vil du vera fullkomin, sa han — ja han brüka Orde
fullkomin, — so skal du — selja alt det du eig og gjeva
det til dei fatige! Det sa han.

(Per Aase kremtar. Hel ga og Jens Eide ser
urolegt paa einannan; mange andre like eins.

Lars N o r db r a u t hev lengi freista aa vise si
vanlege blide og milde Uppsyn. Men etterkvart hev
Hovude hans sigi meir og meir ned i Bringa. Per
Aase gjorde som han i Fyrstningi; men han er no
harm; han kviskrar stundom heller høgt til G u dl e i k.
Denne hev heile Tidi stirt storøygd paa P a ul us, fyrst
forundra, so uroleg og skræmd; no hev han som
fortumla slegi Augo ned. Naar han sidan lyfter deim, er
dei fulle av Undring og Eldhug.

Noko likt ser ein hjaa andre unge, serleg hjaa E v e -

29

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free