Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
linde. Tabitha sit heile Tidi undringsfyllt; mot
Slutten av Talen reiser ho seg upp og stend og stirer
paa P a ul us med ein vill Eldhug, som ein kann s jaa
piner han.)
Ja for dette er Kristindom —: ikkje Ord og
tale-maatar, ikkje Bot og Bønir, ikkje Syting og Sukking;
heller ikkje er Kristindom mjuke og søte Kjenslur, eller
eit utanpaa-heilagt Liv, eller aa gaa i Kloster og stengje
seg ute fraa Verdi (Eide kremtar samtykkjande) eller
aa gaa og gjæte sine Syndir; nei! Kristindom er: aa
rive seg laus ifraa Verdi og fylgje Jesus! det er: halde
Lovi som han gjorde, vera fullkomin liksom han var
fullkomin!
(Det gjeng som ein Rykk gjenom F or samlingi; alle
ser forskræmde paa P a ul us; Lars Nordbraut
vil reise seg, men gjev det upp.)
Ja det krev han: at me gjev Verdi fraa oss so heilt,
at um det fanst den Ting som batt deg, heldt deg fast,
stygde deg burt, — so maa du ofre det, hogge det av,
rive det ut, var det enn din høgste Kjærleik, ditt fagraste
og beste, ja um det var deg so umissande kjært som ditt
høgre Auga eller di høgre Hand! Alt, alt, Far, Mor,
Syster, Bror, Kone, Barn, Kjærast, Vén, Gods og Eign,
Gard og Grunn, Ære og Ros, Velde og Magt, Likam og
Liv, alt det du elska og livde for, stort eller lite, godt
eller vondt, Synd eller ikkje Synd, og deg sjølv med, —
alt maa du leggje som eit Offer for Herrens Føtar, so
at ikkje noko hefter eller hindrar deg i aa vera hans
Mann og gjera hans Verk. Alt du soleis hev ofra fær
du att, so sant han ser du hev godt av aa faa det att;
hundradfoll fær du det att, fyrst her og so sidan; i det
heile vil du med Forundring finne, at nettupp som du
trudde du var ferdug med alt og berre maatte bu deg
30
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>