- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
31

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

paa aa døy, — so stend du midt upp i ei ny Verd, ei
nyfødd, rik, fager Verd, full av det du kann elske og
liva for; og denne Verdi er di! midt i di Armod stend
du der som ein Konge, sterkare og friare enn Keisaren
av Russland; allting er deg underlagt; inginting kann
skada deg; alt maa tene deg; du er i Jesus Herre yvi
alle Herrar og Konge yvi alle Kongar; du hev vunni
Verdi ved aa ofra ho; og fyrst og fremst hev du vunni
deg sjølv. Dette er den store Løyndom. Men ingin Ting
vinn du, naar du ikkje fyrst hev ofra alt, og ofra det
heilt; vil du liva og regjere med Kristus, so maa du
fyrst døy med han. (Daudstilt.)

Og det krev han so: at alt vaart Liv sidan er
full-komi; at me held Guds Lov, i Gjerning og i Hjarta! —
Kann du ikkje? Trur du ikkje du kann det som Jesus
byd deg? —- Men so trur du ikkje paa Jesus; og kva
vil du daa i hans Rike? (Ein Rykk; so stilt.)

Kann du ikkje? Eg svarar deg i Jesu Namn: du vil
ikkje! Alltid naar me ikkje vil, finn me ut at me ikkje
kann. Og med denne Lygni hev me dikta Kristindomen
ut or Verdi! — Og kalla so sjølve denne Lygni vaar
Kristindom! Sandeleg, det skal gaa Tyrus og Sidon
tollegare paa Domedag enn oss.

Kann du ikkje, so vil du ikkje; og gakk so heim til
Verdi att og søk di Trøyst der; for inn i Guds Rike slepp
du ikkje! For den Vegen er smal og den Porten er trong
som fører dit inn; og dei som skal koma inn, maa trengje
seg inn med Magt, — med heile sin brennande Hug,
med all sin heitaste Vilje. Spotta ikkje; for dette er
meir aalvorsamt enn det du fyrr kalla Kristindom! Men
lat deg heller ikkje skræme! for den som sette Krave,
han gjev og Krafti.

Tabitha (skrik i sjuk Eldhug). Sælt er det Liv
som bar deg, og dei Brjosti som du saug!

31

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free