Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
(Rædsle. Folk reiser seg.)
Paulus (ser kvast paa henne). Før henne ut. Ho
er fraa seg.
(Aalmenn Uro. Systrane flokkar seg um henne.)
(Duken feil snøgt.)
ANDRE VENDING
Dagen etter.
«Kontore». Eit Rom bygt paa same Maaten som det i
fyrste Vending.
Paa høgre Sida av Døri i Bakgrunnen ein høg
Ileggjar-omn; i Kraai innanfyri Torvkasse. Paa høgre Veggen eit
stort brunmaala Bokskaap med grønt Forheng. Hitanfor
det Dør; hitanfor den eit gamalt brunt Skatol; ovanum dette
Bilæte (Steinprent og Treskurd). — Paa vinstre Veggen tvo
Vindaugo; framfyri deim eit noko stort Skrivebord. Ingin
Veggbenk. Ved Vindaugo og Borde gamle høgryggja Stolar;
midt for Borde ein Armstol.
Døri i Bakgrunnen gjeng upp.
Gurina kjem inn, rødande; etter henne Carolus Magnus,
ein Midalders Mann, svarthærd og brun, høg og lang, med
rundt stridt Skjegg; Klædi noko for stutte — som laante.
Paa Halsen hev han eit Ullskjerv.
Gurina. Han er upp-hjaa Johanna, og Kona kviler;
men her er varmt; du fær sitja her so lengi. (Legg
meir i.)
Carolus (skugrar og gnid Hendane). Ja her er
godt. Du er snild du, Gurina; tusund Takk skal du ha.
Gurina (gjeng att). Svært for ein Kalde det hev
sett i med i Dag.
Carolus (med Lesarfaktir og Mæle). Aa ja; men
me fær bera det Herren sender oss. (Ho ut.)
(Carolus stend ved Omnen; gnid Hendane; skjek
seg. Murrar.)
32
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>