Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Og no kunde eg kanskje vera med deg paa aa leggje
Lande inn under Svensken.
Jens. Svensken kjem nok, Paal, — eller Russen,
eller andre Røvarar ... Alt ærlegt Framandstyre vil vera
likare enn dette Halvframandvelde, som med sin rotlause
og stillause Halvkultur amerikaniserar Lande.
Men fyrst gjeld det aa mure Dam mot den Flaumen,
eg nemnde. Og til det treng me ein sterk og fast
Fylking av Bøndar.
Paulus. Daa skal du slaa Lag med Lars Nordbraut,
Jens. Han vil au reise ein Bondefylking; og han hev
meir Magt i Bygdine enn eg.
Jens. Lars Nordbraut er ein Tosk. Han segjer: upp
med Bonden, men forstend ikkje det nationale, endaa
dette er det einaste som kann gjeva Bonden Rett til aa
taka Magti.
Paulus. Magti ?
(Reiser seg.)
Jens. Bøndane maa ha Magti. Men skal det ikkje
bli som med Vinstre og Moderate, at Bøndane berre er
Statistar og soleis hjelper til med sin eigin Undergang,
so maa Bonden ha Førarar. Av sine eigne, meiner eg.
Me Bondestudentar maa heim-att. Me maa setja oss til
rundt i Bygdine og vera den nye Bondeadelen som no
trengst. Den vanlege Bonden hev vorti Plebei; han hev
gløymt Traditionane og held alt sitt for simpelt; men
ein Flokk Plebeiar vann aldri eit Slag. Du er ein av
Fyrigangsmennane paa denne Kanten, Paal, og deg maa
eg ha med meg. Men daa maa du ikkje gjera deg ufør.
For ei so stor Sak maa du kunna «ofre» — ei Grille,
Paal.
Paulus. Eg kunde visst heller, som sagt, vera med
deg paa din gamle Svenskepolitik. For no forstend eg
det: kristin Politik vil i alle Ting vera aa gjeva, —
43
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>