Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
gjeva, men ikkje krevja. Eg kann ikkje vera med i ein
Fylking som krev Magti.
Jens. Tøv, Paal. All Politik er Strid um Magti.
Paulus. Daa maa eg halde meg ifraa all Politik.
Jens (reiser seg). Skal dette gjelde for Svar?
Paulus. Det er mitt einaste Svar i den Sak, Jens!
— Maa me no skiljast?
Jens (att og fram; tvingar seg). Du, — Tore kjem
her i Kveld.
Paulus. Bror din ?
Jens. Ja. Vil du kje tala med honom fyrst ?
Paulus (glad). Tore vil eg gjerne tala med.
(Det bankar.)
Jens. Der skal du sjaa han er!
(Døri gjeng upp; G u dl e ik kjem.)
Ja ja, Paal, — so gjeng eg inn til Helga so lengi.
Kom, naar du er ferdug!
( Gjeng.)
Paulus (handhelsar). Godkveld, Gudleik. Kva
fører du i ditt Skjold?
Gudleik. Eg vil fyrst takke for i gaarkveld. (Stilt
tilbedande.) De er stor!
Paulus. Eg hev kje Stundir til–
Gudleik. De er større end Luther!
Paulus. Vik fraa meg! Kva er dette for Tufs ?
(harm) Ungdomen høyrer Huldreheimen til liksom
Kvendi. Hugen er blaut og heit og Hovude fullt av
blodvarme Eimar; strakst er han hugtekin.
D’er vanskelegt for ein ung aa koma inn i Guds Rike,
Gudleik! Sjaa no som du. Eg talar til deg um Jesus,
og so kjem du og feil paa Kne for meg. Gakk med deg.
Eg hev kje noko med deg.
Gudleik. So seg meg meir um Vegen til Guds
44
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>