- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
45

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Rike, Paulus! Etter den store Stundi i gaarkveld hev
alt snutt seg rundt for meg.

Paulus. Feil det deg hardt aa rive deg laus fraa
ditt Gods?

G u d 1 e i k. Ja. Men det er ikkje det sværaste.

Paulus. Det er eit Kvende ?

G udi eik (bøy gjer Hovude). Ja.

Paulus. Som du elskar paa syndig Maate ?

G u d 1 e i k. Nei. Men eg elskar henne so saart. Maa
eg ofre henne?

Paulus (stend litegrand og ser paa han. Gjeng att
og fram eit Par Gongir; stanar). Set deg ned, Gudleik.

(Dei set seg.)

Eg hev Tru til deg, Gudleik; eg vil tala Aalvor
med deg.

Gudleik. Ver ikkje for streng!

Paulus. Du er ung. Du veit kje kva Kvinna er,
og du veit kje kva Ægteskap er. Eg hev set so mange.
Eg saag paa so mang ein Gut som var varm for Guds
Sak og vilde det rette. Men so kom Kvinna. Og straks
kom det noko laagt inn i Live hans.

Gudleik. Men ho er ikkje slik, Paulus.

Paulus (aalvorsam). Kvinna er Jordi. Jordtyngdi.
Mannen kann vera sterk og kann vilja høgt; men
strakst legg det seg tvo mjuke Armar um Halsen hans.
Han trur det er Englearmar; men me andre ser ei
moldtung Rot som dreg ned og ned og fester han aat
Jordi. Og kjem so Jesus og bed han um Hjelp, so
svarar han: orsaka meg, men eg er med i Samlage mot
Tigging.

Gudleik. Ikkje ho, ikkje ho.

Paulus. Agta deg, Gudleik. Jordi er ein Haug.
Og Kvinna er Huldri. Det som er av Huldrekall i oss
fær ho Tak i, og éi det sterkt. Gjenom henne slær me

45

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free