- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
46

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Rot ned i det myrke, det dulde, i Jord og Mold og
Trollheim.

G u d 1 e i k. Ikkje alltid, ikkje alltid!

Paulus. Kvinna ligg inne med Ormen ifraa
Upp-have av. Hans Hjelp og Reidskap var ho med same.
Enno er ho Djevelens beste Daarefugl og Lokkemat.
Kjøte, det sanselege, Syndi det er ho. Alt i henne er
bygt upp um det eine: aa vera Mor; for Natturi vil
øksle seg og bli sterk, at ho paa nytt kan byggje
Babels-taarne. Difor er Kvinna uskyldig i sin Elsk; for ho er
seg sjølv naar ho er kjøteleg; men det forfører Mannen.

G u d 1 e i k. Nei, nei!

Paulus. Inst inne er Mannen Aand. Og Aandi vil
upp-etter, til friare Tindar. Haugen med alle sine
Vog-gur og Grytur er ’n av Hjarta imot. Og han bryr seg
ikkje um, at Natturi økslar seg. Her er meir enn Folk
nok, — Syndarar, Lidarar nok. Han lengtar etter den
Dagen, daa dette jordiske Live tek Ende og Aands-Rike
kjem. Difor stritar Anden imot Kjøte, og skjemmest,
naar han læt seg bøygje inn under Trollmagtine.
Mannen er bljugare og raa’are i sin Elskhug enn Kvinna,
av di han maa døyve ned ei løynleg Skam i seg og
kjenner seg trælka under noko laagare. Dette er ein
faar-leg, ein fælsleg Strid, ein Strid inne i Myrkr og Natt;
den kristne kann gaa under i den Striden. Forstend du
meg, Gudleik?

Gudleik (med bøygt Hovud). Eg hev ikkje den
store Naadegaava; eg kann ikkje liva ugift.

Paulus (tegjer litegrand). Vaagar du aa gaa inn
i denne store Striden, Gudleik, so gjer deg Andsvare
klaart og tak det.

Gudleik (glad; reiser seg). Med Evelinde skulde
eg gaa uskadd gjenom Helvite!

Paulus (ser braadt upp; reiser seg). Er det Eve-

46

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free