Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
linde? — (gjeng att og fram; stanar) Ja. Hjaa
Evelinde er du i gode Hendar.
Kvinna er Jordi. Men ho er som ei Moderjord, der
Aandi kann saa sitt Fræ; og fær dette Fræet den rette
Dogg av Liding og Graat, so kann det vekse og gro
og suge det jordiske i seg, so at Kvinna vert reinare
Aand enn Mannen, liksom ho fyrr var reinare Nattur.
(Braadt.) Kann du ofre henne?
Gudleik (hugfallin). Maa eg ofre henne?
Paulus. Ofre henne maa du heilt og fullt, og ikkje
taka henne att utan av Guds Hand.
Gudleik. Eg forstend Dykk ikkje.
Paulus. Du maa gjera deg so fri av henne i Hjarta
og Hug, at um Gud skulde negte deg henne, so maa
du kunna gaa fraa henne med Lov og Takk, — for dette
og, at han negta deg henne. (Gudleik bøy g jer Hovude
meir og meir.) Naar du kjenner deg so fri, kann du
spyrja henne.
Gudleik (haast). Ikkje fyrr?
Paulus. Ikkje fyrr, — um du vil ha Rom i Guds
Rike.
— Og um Ægteskape maa du vita, Gudleik, at det
skal vera reint, og ikkje eit Skalkeskjol for Lysti. Og
fyrst og sist: det er uløyselegt. Verdi krev Skilsmaal,
og for Heidinskapen er fri Kjærleik Religion;
Elskhugen er det høgste Natturi kann naa, og Livsens
Meining og Forklaaring for alt Huldrefolk. Men i Guds
Rike er Elskhugen det som ein fyrst og fremst maa
vinne yvi. Det strenge Eingifte er den Skulen som
døyver Kjøte og gjenom Liding og Forsaking og det
heilage Arbeid med aa hjelpe kvarandre og dei smaae
fram til Kristus, lyfter sjølve det natturlege upp til
Aand.
Tenkjer du so um Ægteskape, Gudleik?
47
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>