Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Gudleik (i Tankar). — — Ikkje fyrr. (Samlar
seg seint og gjeng. Med brestande Mæle:)
Farvel, Paulus.
Paulus (stilt). Guds Hjelp og Naade vere hjaa deg,
Gudleik! Gløym ikkje at eg bed for deg i desse Dagar;
og kom hit att, naar du kjenner deg trøytt!
Gudleik (stanar og ser saart paa han; gjeng).
Paulus (stend etter i Tankar. Mullar). Ja. — Han
... maa faa Evelinde.
(Samlar seg. Gjeng.)
(Tomt litegrand.)
(Lars Nor db raut og Per Aase kjem.)
Per (ser seg ikring). Nei; han er ikkje inne.
Lars. Lampa brenn. Lat oss setja oss og vente ei
Stund.
(Dei set seg.)
Per. Ja kunde du faa bøygt han, Lars —. Det vilde
koma ille med, dette, so nære Vali.
Lars (mildt). Eg liter paa Vaarherre. Eg tenkjer
helst me hev mistydt han, eg.
Per. Han er stiv i det han finn paa, — han liksom
Far hans.
Lars (sukkar). Herren hjelpe oss alle.
Per (tegjer litegrand. Varlegt). Hev du tenkt paa
nokon annan, um so var?
Lars. Lat oss leggje alle vaare Sorgir paa Herren,
Per.
Per (etter ei Togn). Eg tenkjer dei radikale er glade
no. Der er svært til Drøs rundt i Bygdi i Dag um den
galne Talen.
Lars. Aa ja. Lat Verdi gleda seg ei stokkut Stund.
Det varer kje lengi.
48
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>