Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
P e r (etter ei Togn). — Dersom det ikkje er som eg
ræddast fyri, — at han er fallin ut av sitt Naadestand?
Lars. Me skal ikkje tru det verste.
Per (etter ei Togn). — Nei eg tenkjer eg gjeng ut
og høyrer etter, eg.
Lars. Gjer det, du Per.
(Per gjeng.)
(Lars ser seg ikring. Reiser seg og stabbar
fram-yvi Golve med gamle Stig. Stanar litegrand ved
Skriveborde. Gjeng og set seg att.
Per kjem inn. Strakst etter Paulus.)
Paulus. Aa kjære, sit de her og ventar ? De skulde
heller komi inn.
Lars. Me vilde gjerne røde med deg i Ro litegrand,
me tvo aaleine.
Det er dette Storthingsvale, me tenkjer so smaatt
paa, Paulus, — um Gud vilde sjaa i Naade til vaart
arme Fædreland og gjeva oss eit godt Val.
Per. Og du er den einaste, me kristelege kann vente
aa faa fram denne Gongen.
Lars. Og den beste. Eg vil beintfram segja deg,
Paulus, at med den Krafti og dei Gaavune som Gud
hev gjevi deg, — so hev du Synd paa deg, um du her
sviktar oss.
Paulus (stirer paa deim). Men–; ja me kann
daa kje gaa saman no lenger?
Lars. Du meiner for det i Gaarkveld ? (Smiler.)
Du Paulus, i so aalvorslege Tidir maa me kje lata Tvist
koma upp millom oss, — me, som daa alle held oss til
den eine og same Herren.
Paulus. Ja men —
Lars (mildt). No lyt me fyrst og fremst tenkje
paa, kva for ei Ulykke det vilde vera baade for Land
49
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>