Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og Folk, um dei radikale med sitt Kristushat skulde
faa Magti.
Per. Hugsa paa at dei er Fritenkjarar mest alle ihop,
og vil ha Kristindomen ut all Stad, like til or Skulen,
so at ikkje dei uskyldige Borni dessmeir skal faa høyre
um Frelsaren.
Paulus. Tala eg endaa ikkje tydeleg nok igaar ? —
De forstend daa, at eg heller vil ha Heidningar til Magti
enn det som no gjeld for Kristindom?
(Det gjeng ein Rykk gjenom Lars.)
Per (til Lars). Kva segjer du no?
Lars. Du maa kje tala formastelegt, Paulus. Du
veit du meiner kje dette.
Per. Han er fallin ut or Naaden, Lars. Det hev eg
tenkt alt sidan igaarkveld, daa han kom med denne
ugudelege Tala um, at me ikkje turvte angre Syndine
vaare.
Paulus. Er du i Syndenaud, Per, so vert den Naudi
og burt-teki; men det krevst ikkje, at du skal vera i
Syndenaud. I det heile, Per, gakk til Jesus og høyr
paa honom, so skal du nok sjaa du fær anna aa gjera
enn sitja og klaa deg paa Syndine dine.
Per. Høyrer du Lars? Hev du høyrt slikt? — Og
so det, at me skulde vera likso fullkomne som
Meistaren sjølv; ja er kje dette aa spotte Gud, so —.
Paulus. Jesus sagde det som verre var, Per. «Ver
fullkomne liksom Faderen i Himilen er fullkomin!» —
sa han.
Per (arg til Paulus). Ja du trur kanskje han
meinte det beintfram, du!
Paulus. Jesus sagde aldri noko som han ikkje
meinte.
Lars. Lat oss no ikkje stridast, Brørar — —
Per (til P a ul u s). Du lærer Syndefridom, du daa ?
50
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>